Føraren av den grå Poloen var ikkje merksam nok då den raude Caravellen stoppa på fylkesvegen for å vente på ein bil som skulle inn på ei avkøyrsle. Foto: Anne Gry Eilertsen

Litt over klokka 16.30 i ettermiddag skjedde eit trafikkuhell på fylkesvegen mellom Hareid og Ulstein. Tre bilar kom køyrande etter kvarandre i retning mot Ulsteinvik, då den fremste stogga for å vente på klar bane til å kome seg ned ei avkøyrsle like etter Trudvang. Caravellen såg kva som skjedde, og stogga opp. Men det gjorde ikkje bilen som kom bak der igjen, ein Volksvagen Polo. Han brasa rett inn i Caravellen bakfrå.

I Caravellen sat to personar, og dei første meldingane går ut på at ingen av dei er alvorleg skadd. Det skal heller ikkje kvinna som var åleine i Poloen vere, sjølv om ho fekk seg ein nokså hard dask i hovudet.

Det var ei stund eit stort oppbod av ambulansar og redningsfolk på staden, men trafikkavviklinga gjekk greit. Ventetida var ikkje lang.