På Hareid kommune si nettside (hareid.kommune.no) kan ein lese følgjande: "Som følgje av Vikebladet si merksemd på saka vedrørande grensetvisten mellom Hennum og Hareid kommune, har vi valt å legge rettsdokumenta tilgjengelege på heimesida vår". Samtidig har Støttegruppa for Hennum-familien opna ei eiga informasjonsside under adressa: "123hjemmeside.no/hopegjerdet". Kommunen si heimeside trykker rettsbøkene (d.v.s. referata) m/ domsslutningar frå handsaminga i jordskifteretten 21/10 2004, lagmannsretten 26/9 2005, Høgsterett sitt kjæremålsutval (anke) 10/1 2006, lagmannsretten (gjenopptaking) 29/8 2006 og ny anke i Høgsterett sitt kjæremålsutval 30/10 2006. Men kommunen trykker ikkje dei aktuelle eigedomsdokumenta i saka. Støttegruppa for Hennum gir på si side ei oversikt over dei aktuelle eigedomsdokumenta i saka - i tillegg til brev og avisartiklar. Sida opnar også for å skrive i ei gjestebok. Ved å halde saman dei to sidene, bør den interesserte publikummar kunne danne seg eit bilde av kva som er kjerne og stridsspørsmål i saka.
Nyhende →
Både Hareid kommune og Støttegruppa for Hennum informerer om eigedomstvisten på nettsidene sine
Den omfattande medieomtalen av eigedomstvisten mellom familien Hennum og Hareid kommune om eit område i Indredalselva i Brandal har no kome så langt at begge partar har lagt ut informasjon om saka på eigne nettsider.