I tidsromet mellom klokka 16 fredag 3. august og klokka 20.30 dagen etter - laurdag 4. august - har nokon teke seg inn i Hasundgot klubbhus og stole iskrem frå fryseboksa. For å kome seg inn i huset har vedkomande knust eit sidefelt ved inngangsdøra. Politiet veit ikkje kven som står bak ugjerningane, som altså skjedde ikkje så svært langt frå kvarandre. Utover dette har det vore ei fredeleg helg i distriktet.