Elevane fekk omvising på engelsk av Sverre Kvalsund på Jets. Måndag var elevane på kraftstasjonen i Ulsteindalen der Tussa lærte dei om vasskraft, før turen gjekk vidare til Flø. Belgiarane kjem frå Waregem utanfor Brussel. Dei er vane med storbyar, så Knut Strømsjordet, lærar for elevane ved Ulstein vgs., forklarer at han gjerne vil vise dei den flotte naturen på Sunnmøre, for sånt er dei ikkje vane med. Dei belgiske elevane skal vere her ei veke. Medan dei er her, bur dei med ulsteinelevane. I mars reiser ulsteinelevane nedover til Belgia, og då skal dei bu med dei belgiske elevane. Lærar Strømsjordet kan opplyse om at dei ikkje har vore så mykje internasjonal utveksling på dette viset tidlegare i Ulstein, men varslar at det blir ein del slikt frametter. Ved hjelp av EU-midlar reiser elevane gratis. Elevane frå Ulstein vgs. er elevar frå TAF og Sal og sørvis. STOLT OVER NÆRINGSLIVET Det er Knut Strømsjordet som har sett saman programmet for denne veka. Han er stolt over å vise fram det spanande næringslivet i regionen og kor dyktige dei har vore på å satse på miljøvern. Han er glad for at næringslivet har vore så positive til å ta i mot elevane. Særleg kjekt synest han det er å vise fram kva Jets står for. ENGASJERTE ELEVAR Etter omvisinga på Jets samla Sverre Kvalsund elevane og gjennomgjekk ei oppsummering med dei på kva dei har lært. Den tidlegare engelsklæraren stilte spørsmål, og elevane svara. I tillegg stilte dei spørsmål sjølve, så det var tydeleg at dei hadde følgt godt med i timane dei var på Jets. FÅR DIPLOM Elevane og lærarane skal òg til Ulstein Group og Runde miljøsenter denne veka. I tillegg til å lære om miljøvenleg teknologi, lærer elevane om kulturen til kvarandre og dei får god trening i engelsk. Prosjektet blir avslutta med at elevane får eit diplom der det står at dei har gjennomført ei internasjonalt prosjekt med tittelen "The impact of new technologies on the environment".
Nyhende →
UVS utveksla elevar med Belgia
Tysdag var ti elevar frå Ulstein vgs. og ti elevar frå Belgia på omvising på Jets på Hareid. Besøket var ledd i eit prosjekt om miljøvenleg teknologi.