Anders Riise (t.v.) og Kim Lillebø i Hareid Høgre oppmodar innbyggjarane i Hareid om å vere med på ein ryddedugnad. Foto: Anne gry Eilertsen

Det er Hareid Høgre som har tatt initiativet til ryddedugnaden. Dei har fått Franzefoss til å setje ut ein container i sentrum av alle krinsane, og til å ta til- og fråkøyringa gratis. Hareid kommune har lova å koste leveringa av bosset, og Euro-Spar Hareid deler ut plastnett og eingongshanskar til dei som treng det.

Snøen låg i over 100 dagar, og då han endeleg forsvann, dukka det opp store mengder rusk og rask.

– Vi håper innbyggjarane i Hareid vil vere med på ein dugnad. Containerane blir ståande onsdag og torsdag. Dei som vil hjelpe til, må gjere det desse to dagane, for fredag føremiddag vil dei bli fjerna, forklarer Kim Lillebø i Hareid Høgre.

I Hareid sentrum blir containeren plassert på rådhusplassen. I Bigset utanfor huset til Jarle Klungsøyr, i Brandal ved Pakkhuset og i Hjørungavåg ved forretninga/lageret til TotalBygg.

Anders Riise oppmodar skulane til å bruke litt av onsdagen til å rydde. Og same oppmodinga går også til grendelaga.

– Viss alle ryddar rundt eigedomane og bedriftene sine, og folk i tillegg gjer ein innsats i sentrum, vil her bli fint til dei mange helgedagane og 17.-mai, kommenterer Lillebø.

Dei to synest det vil vere fint om foreldre tek med seg borna sine på ryddedugnaden. For det kan vere lærerikt for borna å sjå at ting som blir kasta i naturen ikkje forsvinn av seg sjølv. Noko må plukke det opp.

Lillebø og Riise understrekar at også Hareid kommune sine folk gjer ein innsats for å rydde. Dei er i ferd med å feie gatene, og stelle ein del blomsterbed. Men kommunen klarer ikkje alt, derfor trengst det ein ekstrainnsats frå innbyggjarane.