Banksjef Harald Rune Ulstein i Ulsteinvik og Hareid

– Førsteplassen stadfestar at vi er konkurransedyktige over tid. Kundane til Nordeaskundar skal vere trygge på at dei både får gode råd og gunstige vilkår hos oss, seier banksjef Harald Rune Ulstein i Ulsteinvik og Hareid.

Norsk Familieøkonomi har igjen teke bankane under lupa og kåra dei beste og verste bankane når det gjeld vilkår gjennom året 2011. Bladet tar for seg dei mest brukte banktenestene – som bustadlån, brukskonto, høgrentekonto og BSU (Bustadsparing for ungdom).

For dei bankane som har fleire kundeprogram, bruker bladet det kundeprogrammet som gjeld for folk flest. Nordea har klatra jamt og trutt på Norsk Familieøkonomis målingar sidan 2006. I år som i fjor kvalifiserte banken til gullmedalje.

– Kåringa viser at vi tilbyr kundane gode råd og konkurransedyktige prisar når vi reknar over eitt år. Dette er gledeleg! Det viser at vi skaper positive kundeopplevingar, seier Ulstein.

Heilskapen veg tyngst

Gode vilkår på lån over to millionar er hovudårsaka til at Nordea i år igjen gjekk av med sigeren. Banken har også blitt vurdert på forskjellige produkt og tenester, og resultata har jamt over vore gode.

– Eg er svært nøgd med at vi går til topps i en konkurranse der nettopp heilskapen veg tyngst. Dei fleste har bruk for ein totalbank som gir god service til konkurransedyktig og føreseieleg pris. Totalprisen over tid og råda kundane får i ulike livsfasar tel mest, ikkje prisar og renter i augneblinken, seier Harald Rune Ulstein.

Ambisjonar

– Ambisjonane til Nordea er å halde høg kvalitet på personleg rådgiving. Tillit er eit viktig stikkord i denne samanheng. Utan tillit frå kundane hadde vi ikkje blitt den store aktøren vi er i dag i vårt marknadsområde. Bank handler til sjuande og sist om relasjonen mellom menneske, seier Ulstein,som legg til:

– Å bli kåret til beste totalbank for andre år på rad er en prestasjon vi er stolte av, og vi ønskjer gamle og nye kundar velkommen til en god og nyttig rådgivningssamtale.