Mange har teke kontakt med Ulstein kommune etter Vikebladet Vestposten sin artikkel om Iberiasniglen på tysdag. Det viser seg at denne snigelen er meir utbreidd her på øya enn det miljøvernleiaren tidlegare har trudd.

Over 50 sniglar

Folkestad fekk besøk av ei dame med fem brune Iberiasniglar på eit glas. Dette er heilt klart typiske eksemplar av "mordarsnigelen", med den karakteristiske oransje stripa rundt kanten. Kvinna kunne fortelje at desse sniglane har plaga henne dei siste månadene, og at ho kjenner til fleire naboar på Sauneset som har hatt slike i hagen i fleire år. Etter det Folkestad erfarer er det nedre Saunes som har vore mest plaga av dei brune sniglane, men han har òg fått meldingar i løpet av dagen frå folk andre stader i nærleiken. Kvinna som kom til han med sniglane kunne fortelje at ho plukkar minst 50 brunsniglar kvar kveld.

Klipp i to

Folkestad seier at for å bli kvitt sniglane må ein drepe dei. Det lettaste er gjerne å samle dei inn og klippe dei to. Sniglar har ikkje så lang levetid, men dei kan gøyme seg i til dømes komposthaugar der det er varmt og fuktig. Då kan dei endåtil tole frost. Han oppmodar difor råka hageeigarar til å halde hagane sine lyse og ha få plassar der sniglane kan gøyme seg. Iberiasniglen må ikkje forvekslast med den langt større Boasnigelen. Boasnigelen er lang og tjukk, den er så stor at ein reagerer på storleiken, seier han, og opplyser at denne snigeltypen har vore her gjennom mange år.

Alv Ottar Folkestad med eit glas Iberiasniglar.