Flyktningane i Afghanistan er mellom dei som vil få hjelp frå årets TV-aksjon. Foto: pressefoto

I år går pengane som blir samla inn til Flyktninghjelpen. I dag (måndag) var det kvart over tolv kome inn 202,6 millionar kroner.

– Møre og Romsdal har verkeleg bidrege til å hjelpe nokre av dei 43 millionane menneske som er på flukt frå krig og konflikt, seier Hilde Rekdal som er fylkesleiar i Møre og Romsdal for TV-aksjonen.

Det vart samla inn 12 prosent meir i år enn i fjor i fylket. I snitt gav kvar innbyggjar i fylket 46,92 kroner.

Herøy var den kommunen som gav mest pengar pr. innbyggjar. Der vart det samla inn 874 701 kroner, eller 104,34 pr. innbyggjar.

I Ulstein kommune vart det samla inn 473 661 kroner, eller 63,48 kroner pr. innbyggjar.

I Hareid kommune vart det samla inn 224 413 kroner. Det vil seie 46,19 kroner pr. innbyggjar.

I Sande kommune samla dei inn 145 078 kroner, 57,62 kroner pr. innbyggjar.

I tala er det lagt saman pengane som kom inn på bøsser, gåve frå regjering og nasjonale gåver er fordelt på kommunane etter storleik og det som er kome inn på gjevartelefonen er fordelt på kommune og fylke etter storleiken på kommunen.

På Sjøbork Kulturhus i Ulstein kommune var det laurdagskvelden ein TV-aksjonskonsert for å samle inn pengar. Foto: Ingvild Aursøy Måseide