Ulstein vidaregåande skule fekk provet på at dei er den første miljøfyrtårnverksemda i kommunen, då Ungdomens fylkesting vart opna i Ulsteinvik fredag.
Ulstein vidaregåande skule tok imot sitt Miljøfyrtårnsertifikat under ungdomens fylkesting fredag. Fungerande ordførar i Ulstein kommune, Olav Sæter (f.v), delte ut provet på at skulen har gjennomført krava i handlingsplanen. Rektor, Jan Berset, og assisterande rektor, Tor Petersen tok imot provet på at dei er den første verksemda i kommunen som har fått denne utmerkinga.