Ivar Aasen-tunet stod i 2009 for 315 arrangement og utstillingar i 25 kommunar landet rundt. Omsetninga var på nær 14 millionar kr, og museumsbutikken auka omsetninga med heile 20 %. Med 19 500 gjester er det berre i 2008 gjestetalet har vore høgare, og 265 000 unike brukarar gjesta nettstaden www.aasentunet.no. Borna er dei viktigaste – Vi vil at borna skal få møte dei fremste kunstnarane, seier programansvarleg Åshild Widerøe. Slike møte prega både Dei nynorske festspela og kulturprogrammet gjennom året, som slutta med stor utstilling av barnekunst der over 200 born var med. Ivar Aasen-tunet arbeidde også mykje med rammevilkåra for born i 2009. Dette året blei institusjonen medeigar av Norsk Barneblad for å styrkje dette eldste barnebladet. Samstundes held institusjonen fram arbeidet med å tilby gode kulturarrangement for born. Tydelegare litterær profil I 2009 la Ivar Aasen-tunet endå meir vekt på litteratur i dokumentasjons- og formidlingsarbeidet sitt. Den årlege boknatta i november dekte heile det litterære feltet og samla fullt hus. Tre nye temautstillingar om litteratur blei opna – i Ørsta, Strandebarm og Oslo. Til no har Ivar Aasen-tunet laga 24 slike temautstillingar, og desse er blitt viste på 110 stader. I heile 2010 er utstillinga ”Undrande og skapande” om nynorsk barnelitteratur på vandring rundt om i landet. Litterær blir også profilen på Dei nynorske festspela, som i 2010 opnar torsdag 24. juni og blir avslutta søndag 27. juni. Rønnaug Kleiva er festspeldiktar, og billettsalet er i gang. Kontaktar i mange land – Ivar Aasen utretta eit eineståande arbeid, sa den egyptiske forfattaren Nawal El Saadawi etter at ho hadde gjesta Ivar Aasen-tunet i august. Verksemda blir jamleg meir prega av at Ivar Aasen-tunet no utviklar samarbeid med miljø i mange land. Hausten 2009 hadde to doktorgradsstudentar frå Edinburgh og St. Petersburg studieopphald i biblioteket i Aasen-tunet. For første gong var festspeldiktaren ein omsetjar. Tove Bakke gjorde stor lykke hos publikum, og fekk godt fram kor viktige omsetjarane er i internasjonal kulturutveksling i ei verd med nærmare 7000 språk. Ivar Aasen-tunet leier arbeidet i Litteraturnettverket for litterære museum i Noreg, og vil vere til stades ved ein europeisk konferanse for litterære museum i Budapest i mars. Meir Aasen, meir Fehn – Eg trur vi enno ikkje har forstått verdien i det verket Sverre Fehn utførte, både i Ivar Aasen-tunet og med andre bygningar, seier direktør Ottar Grepstad. Arkitekt Sverre Fehn døydde våren 2009, og Ivar Aasen-tunet merka aukande interesse for hans liv og verk utover i året. I 2009 blei det investert 1,3 millionar kr i utbetring og asfaltering av vegen opp i tunet. Også interessa for Ivar Aasens liv og verk aukar. Mange skuleelevar bed om hjelp frå dei tilsette i arbeidet med ulike oppgåver, ein ungdomsskuleelev frå Sandnes hadde den årlege arbeidsveka si i Ivar Aasen-tunet, og Aker-konsernet brukte diktet ”Nordmannen” i kortfilmen ”Made by Norway”, sett av 2,5 millionar på tre veker. I 2010 blir det meir Aasen. Alt i januar opnar den nye nettutstillinga ”Rekvisittar for eit liv”, der tjue skjønnlitterære forfattarar har skrive om kvar sine gjenstandar, fotograferte av Ragnar H. Albertsen. Ti år i 2010 I 2010 fyller Ivar Aasen-tunet ti år. – Vi vil bruke jubileet til å fortelje meir om Ivar Aasen, om nynorsk og om språk generelt, seier Ottar Grepstad. Han håpar 2010 blir året då både Stortinget og kulturministeren sluttar seg til tanken om å gjere 2013 til eit generøst språkår. Då er det 200-årsjubileum for Ivar Aasen og 100-årsjubileum for Det Norske Teatret. Tanken er å bruke Språkåret 2013 til å feire alt språk i Noreg, dyrke skilnadene og styrkje norsk språkpolitikk. Ivar Aasen-tunet legg noko av grunnlaget med den omfattande dokumentasjonen Språkfakta 2010 som blir publisert digitalt i januar. Der er det mykje stoff om all verdas språk og om språk i Noreg. – Å dokumentere språksituasjonen jorda rundt er med og viser at nynorsk er det alminnelege språket det er, seier Grepstad. Allkunne og Jon Fosse I oktober blei det allmenne nettleksikonet Allkunne opna for fri bruk av alle, og tenesta har alt fleire tusen brukarar i veka. Leksikonet blir utvikla av aksjeselskapet Allkunne AS, som Nynorsk kultursentrum eig saman med Det Norske Samlaget. Neste store tiltak for Ivar Aasen-tunet er å realisere planane om eit Jon Fosse-arkiv saman med Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret. Sist sommar blei materialet i arkivet grovsortert, og det er no tilgjengeleg for alle interesserte i Ivar Aasen-tunet. Utfordrande for unge nynorskbrukarar – Nynorsk må vere tilgjengeleg der folk er, seier Grepstad. Han meiner regjeringa får det travelt når den no skal følgje opp alle dei ambisiøse måla i språkmeldinga Stortinget slutta seg til våren 2009. Språkmeldinga slo fast prinsippet om at nynorsk alltid skal reknast med. Det gjeld også Leseåret 2010 som regjeringa no satsar på, seier Grepstad. Mest utfordrande er situasjonen for borna. I årstalen sin om tilstanden for nynorsk skriftkultur framheva Grepstad både i 2008 og 2009 kva rolle lesing hos born spelar i deira språklege utvikling. – Born treng fleire og meir varierte tilbod enn alle dei gode barnebøkene på nynorsk, seier Ottar Grepstad i Ivar Aasen-tunet. NYNORSK KULTURSENTRUM 2009 • 11 fast tilsette i Ivar Aasen-tunet med bibliotek, arkiv, arrangement, kafé og butikk, Dei nynorske festspela, nettstadene www.aasentunet.no og www.tunkatten.no. • 315 arrangement og utstillingar i 25 kommunar: Askvoll, Aurland, Eid, Fjell, Førde, Gaular, Halden Haram, Hareid, Herøy, Jølster, Lærdal, Oslo, Sande (Møre og Romsdal), Sogndal, Sula, Sund, Tromsø, Tysvær, Ullensvang, Ulstein, Vanylven, Volda, Ørsta, Ålesund • 19 500 gjester på arrangement og utstillingar, og 265 000 unike brukarar på www.aasentunet.no • Sidan opninga av Ivar Aasen-tunet i 2000 har nær 2,5 millionar menneske brukt tenestene frå Nynorsk kultursentrum, som har hatt arrangement eller utstillingar i 110 kommunar i 18 fylke
Nyhende →
Solid år for Ivar Aasen-tunet
– 2009 blei eit solid år for Ivar Aasen-tunet, med mykje engasjement hos både tilsette, utøvarar og publikum, seier direktør Ottar Grepstad.