Hakallegarden i Vanylven opnar grinda for gardsbesøk nokre ekstra dagar denne veka og neste veke.

Garden har ope i dag (torsdag), laurdag og sundag. Og neste veke er det haustferie i Nordfjord, så då har dei ope tysdag, torsdag, laurdag og sundag.

Gardakjerringa tek med ungane på foring og ridetur. Kanskje kjem det nokon på besøk som kan køyre Gråtass?

På garden kan du treffe mange kjekke dyr og kose deg med vaflar. Der er òg utsal av ulike varer. Elles kan garden by på vakker utsikt over Nordfjord, Haugsholmen og Stadlandet. Ei utsikt som er vakker i all slags ver.

Gardakjerring Aina Moldskred Krakset oppmodar folk om å ta turen til gards, senke skuldrane og berre kjenne at dei lever.