70 % av kraftkundane til Tussa har i dag kraftavtalen Tindekraft Standard knytt til eitt eller fleire målarnummer. - Over tid har det vist seg at ein spotavtale vil vere meir lønsam for kundane, og det ønskjer vi å ta konsekvensen av, seier produktsjef Tor W. Havåg i Tussa i ei pressemelding. Marknadspris - Med Tindekraft Spot betaler kundane nøyaktig det krafta kostar til ei kvar tid, det vil seie den prisen Tussa kjøper krafta for pluss avanse. Kundane får med denne avtalen ein meir marknadsrett pris, fortel Havåg. Best pris over tid I følgje Tussa har den nye kraftavtalen har historisk sett vist seg å vere meir lønsam for kundane enn avtalen dei har hatt tidlegare. Tal frå Statistisk Sentralbyrå i perioden 2001 til 2006 viser at spotpris i snitt har vore fleire øre under avtalar som tilsvarar den kundane har hatt til no, Tindekraft Standard. - Kundane får med andre ord ein meir rettferdig kraftavtale, seier Havåg, som legg til: - Tussa følgjer trenden i bransjen når vi no endrar standardavtalen vår på kraft til å bli eit spotprodukt. Omlegginga fører også til forenkla rutiner for oss, noko som gjer oss meir effektive. Vi trur kundane blir nøgde med Tindekraft Spot, og meiner at endringa er til det beste for alle partar.