Steven Pushparajah, leiar for Tamilsk Ressurs- og veiledningsseter på Søre Sunnmøre, fortel at forholda for tamilane på Sri Lanka akkurat no er forferdelege. For det første er det regntid i landet - med tilhøyrande flaum - slik at mange har måtta evakuere frå heimane sine. Desse blir plasserte i "flyktningeleirar", som igjen blir angripne av regjeringsstyrkane - også med klasebomber. Pushparajah går så langt som til å seie at styresmaktene praktiserer etnisk rensing. Storsamfunnet fordømmer Bruken av klasebomber har vore fordømt av mange land. Norge var eit av dei 108 landa som skreiv under Dublin-konvensjonen mot klasebomber, og var dermed med på å setje under press dei statane som praktiserer dette våpenet i krigføringa si. Onsdag denne veka var 120 land samla i Oslo for å gjere nye framstøytar i kampen mot klasebombe-bruken. Tamilar i eksil i Norge deltok i demonstrasjonane - og håper at presset frå storsamfunnet kan få også styresmaktene på Sri Lanka til å legge frå seg dette våpenet. - India vil spele ei viktig rolle Pushparajah opplyser også at India synest å kunne få ei viktig rolle i tida framover. Det har vore mange demonstrasjonar i Sør-India den siste tida - der det bur 70-80 millionar tamilar. - Dei mobiliserer veldig for at styresmaktene i India skal legge press på den srilankesiske regjeringa for å få til ei fredeleg løysing. Pushparajah beklagar at Norge vart sparka ut som fredsmeklarar på Sri Lanka - og ønskjer no at Norge gjer nye framstøytar i den vanskelege konflikten. - For tida er det ingen fredsmeklarar på bana, fortel Pusharajah.
Nyhende →
Tamilane aksjonerer mot klase-bombing
I går onsdag aksjonerte mange tamilar i Oslo mot regjeringsstyrkane på Sri Lanka sin bruk av klasebomber mot tamilane på øya.