Ulsteinkonsernet runda 90 år i 2007, og jubileet vil bli markert med ulike arrangement i løpet av året. Den første markeringa blir Open dag/ope skip søndag 28. januar. I fjor haust flytta Ulstein Elektro inn i nytt bygg på vestsida av dokkhallen på Osneset, og Ulstein Design har nyst flytta inn i tredje etasje i bygget. To spennande bedrifter som publikum kan bli nærare kjende med søndag. Ulstein Elektro pønskar ut mange lure og nyskapande løysingar som blir brukte om bord i skip, og det vil bli sett opp demomodellar av fleire av produkta. Ulstein X-Bow er designa ved Ulstein Design, og den nyskapande skipstypen har fått mykje merksemd. Det første skipet med dette designet, ankerhandteraren "Bourbon Orca" vart levert i juni i fjor. Baugforma vart utnemnd til Årets Ingeniørbragd 2005 av Teknisk Ukeblad, og skipet vart kåra til Årets Skip i 2006 av Skipsrevyen. Bourbon Offshore Norway har også tinga to plattform forsyningsskip med denne baugen: Bourbon Mistral vart levert i november 2006, og Bourbon Monsoon skal vere leveringsklart 2. februar. Søndag blir første gong det er ope skip om bord i ein X-Bow. Skipet er klassifisert med redningsklasse, og i hospitalet vil vere representantar frå Medi 3 Marine. Ope skipsarrangementet er eit samarbeid mellom Ulsteinkonsernet og Bourbon Offshore Norway, og representantar frå begge selskapa vil svare på spørsmål og vise rundt. Også dokkhallen som måler 37 meter frå botn til underkant av kranene, vil vere open. Der kan publikum få sjå skrog og seksjonar til gigantskipet Normand Seven som er under bygging ved Ulstein Verft. Om bord i Bourbon Monsoon og i det nye kontorbygget blir det sett opp eigne rekurtteringsstandar for dei som lurer på ei utdanning eller ein jobb innan maritim næring. Maritim foreining for Søre Sunnmøre blir med på dette. Enkel servering og konkurranse for borna blir det også på Osneset komande søndag.