Dei to jentene gjorde også furore under Ungdommens Kulturmønstring på Hareid sist vinter - med melodien "Vi he det kjekt", som dei hadde skrive tekst og melodi til sjølve - og som morfaren til Ingrid, Asbjørn Brubakk, hadde hjelpt dei med arrangementet på. Fredag blir det bestemt kva melodiar som går vidare. Dei tjue beste innslaga frå denne runda og runde nr. 2 i Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg vil bli vist på TV Sunnmøre i januar. Deretter kan publikum stemme på favorittane sine. Til slutt blir det finale med MPG-general Per Sundnes som programleiar. I denne finalen blir det kåra fem vinnarar, som får sjanse til å framføre låten sin i Sunnmørshallen når Melodi Grand Prix Siste Sjanse går av stabelen.
Nyhende →
Hareidsjenter imponerte i innleiande runde i Melodi Grand Prix Lokal
Dei to hareidsjentene Ingrid Brubakk Grimstad og Maria Håbakk Rise imponerte i den innleiande runda av Melodi Grand Prix Lokal på Vikaklubben på Moa.