Fjord1-styreleiar Oskar Grimstad kjem springande til ferjekøa på Hareid like før klokka 12. Han kastar seg straks over ferjekøa. I den første billen har dei alt skaffa seg vest. Men i bil nr. 2 tek Arne Bentsen frå Syvde imot med glede. Og så går det slag i slag baketter i køa. Oskar Grimstad har tidlegare på dag delt ut vestar på Eiksundkaia, i Årvika og på Larsnes. Etter å ha gått gjennom ferjekøa avsluttar han den lokale utdelingsrunda på snøggbåtkaia. - Heile administrasjonen er sving i dag, kunne han opplyse. Påbodet om å ha refleksvest i bilen er innført for å sikre seg mot påkøyrsler når ein bil av ein eller annan grunn har stoppa i vegen og føraren eller andre må ut i vegbana. Det kan vere både ved motorstopp, punktering og ved ulykker - og særleg i dårleg sikt. Då kan det vere viktig at sjåførar som kjem opp i situasjonen ser dei som er ute i vegbana.