Grunneigar Håkon Wigg og Hans Olav Hasund og Odd Arve Riise frå Ulstein Utbygging AS har hatt møte med teknisk sjef i Ulstein kommune. På møtet orienterte Ulstein Utbygging om planane sine, og teknisk sjef Elling Indresøvde gav informasjon om reguleringsprosessen som er i gang i området. Ulstein Utbygging ser føre seg eit bygg i tre eller fire etasjar. Huset skal utstyrast med saltak og gjerne ark, noko dei meiner høver godt inn i den gamle stilen på denne sida av Kyrkjegata. Bygget skal plasserast heilt inntil fortauet og vere tretten meter breitt. Huset vil få ei grunnflate på 340 kvm. Byggemateriale skal vere ein kombinasjon av betong og tre. I førsteetasjen skal det vere butikk og kontorlokale. Andre-, tredje- og eventuelt fjerdeetasje skal bli gjestehus og eventuelt leilegheiter. Parkering i området vert ei utfordring. Om det blir bygt symjehall i sentrum med parkeringshus vil utbyggarane gjerne kjøpe parkeringsplassar der. Makebytte Utbyggarane vil gjerne kjøpe ei tomt av kommunen, mot å avsjå delar av si tomt til kommunen. På det viset får utbyggarane tilgang til det arealet dei treng mot Kyrkjegata, og kommunen får tilgang på meir areal i samband med utbyging på tomta bak. Noko som òg inneber at "gamle skulevegen" får breiare areal enn no. Om utbyggarane ikkje får ei løysing på tomtespørsmålet, vil dei ikkje gå vidare i planane sine om nytt sentrumsbygg.