Politiet melder om brannutrykning til ei løe i Ringstaddalen i Haddal i middagstida laurdag. Snarrådige folk på garden såg at det rauk under løemønet og sprang til med brannsløkkingsapparat. Det kom også naboar til. Og brannvernet var raskt på pletten. Takka vere dei raske reaksjonane fekk ikkje elden skikkeleg tak i løa. I følgje politiet var det berre snakk om få minutt før løa ville ha vore overtend. Skadane vart dermed svært avgrensa.