– Det spørst om vi hadde fått til dette no, seier ein stolt og glad rektor, der han viser oss rundt på ein skule som vart planlagt lenge før finanskrisa sette inn. Rektor Kjell Lunde på Hasund skule kan vise fram ei dobling av klasserom, nye stolar til alle elvar, elektroniske tavler og nye arbeidsplassar til lærarane. Dei sistnemnde med ei flott utsikt ut over Dimnasund. Innanfor ligg eit romsleg pauserom for lærarane, som får det tidlegare personalrommet til å likne på eit kott. – Endeleg har vi fått alt under eitt tak, smiler rektor. – Lærarane har fått betre plass til å førebu seg og elevane let berre vel.
– Lat stå
I korridorane framfor fargerike elevskap møter vi jublande fjerdeklassingar. Kanskje skuldast gleda den nye skulen, eller berre sjansen for å bli fotografert og kome i avisa. 3. november var alle elevar på plass, etter over eit års byggeprosess. Ein del av elevane har halde til ved Dimna skule. Andre har hatt undervisninga si i brakkeriggen som vart sett opp provisorisk på skuleområdet. Dette har vore ei kriseløysing for skulen, som har vart over år. Brakkeriggane var i utgangspunktet planlagt fjerna når nybygget på skulen stod ferdig. No viser det seg at brakkene kjem til nytte som lokale for skulefritidsordninga. Dei 27 femåringane som onsdag vart skrivne inn til det nye skuleåret 2009/2010 har 750 kvadratmeter med skule å boltre seg på. – Det verkar som dei har det romsleg no, seier ein nøgd leiar ved Ulstein eigedomsselskap, Per Dimmen.