– Snøkanonene har gått for fullt og vi har produsert massevis med snø den siste tida, seier styreleiaren i Ørsta Skisenter, Svein Silseth. No ventar perpareringsmannskapet på at overflødig vatn skal renne av kunstsnøen før dei kan setje i gang med å gjere hovudtraséen klar til bruk.

Eiksundeffekten

Svein Silseth fortel at skisenteret har fått mange telefonar frå ytre strok om når senteret opnar. – Effekten av Eiksundsambandet oppdaga vi for alvor ved påsketider. Men den fulle effekten slår vel til først no den komande sesongen, trur Silseth. Etter kvart som fleire har nytta seg av alpinanlegget på Bondalseidet har skisenteret innsett at parkeringstilhøva har blitt for dårlege. – Dette har vi gjort noko med. Vi har opparbeida 150 nye parkeringsplassar like ved trekket, slik at vi totalt har omlag 500 plassar tilgjengelege. Elles skal vi bygge ny vegtilkomst. Det vert mest som ei stor rundkøyring, noko som vil føre til at trafikken flyt mykje betre, trur Silseth.

Nytt T-trekk

Når trekket opnar komande helg skal også eit oppdatert T-trekk stå klart. – Vi har skifta ut det som er av T-krokar, motorar og wire. Berre mastene står att, fortel styreleiaren og oppmodar dei skihungrige om å halde seg oppdaterte på Ørsta Skisenter sine nettsider. Langrennsløypene ved skisenteret har allereie vore opne eit par veker og Svein Silseth rapporterer om aldeles glimrande tilhøve både i lysløypa og turløypa oppover mot Åmskaret.

Opne løyper på Reset i Volda

Ved Volda Skisenter på Reset i Volda, opna dei løypene for to veker sidan. – Det er litt lite snø, men underlaget er godt preparert, opplyser Palma Hånes ved Volda Skisenter. – Vi held ope for kveldskøyring tysdag til torsdag og på dagtid laurdag og søndag, fortel Hånes og legg til at dei skal halde ope på dagtid i juleferien.

Ørsta skisenter er i ferd med å installere nytt T-trekk (Foto: Svein Silseth).