Rundebrua vart skadd under orkanen Dagmar. Foto: Oddmar Remøy/herøynytt

På dei statleg åtte riksvegane er skadane på nær 7 millionar kroner, medan det er skadar på fylkesvegnettet for om lag 34 millionar kroner.

– Dei største skadane er fyllingar som er vaska ut, mellom anna ved Rundebrua og Ulasundbrua på Sunnmøre. I tillegg er det store skader på fylkesveg 660 i Eresfjorden og fylkesveg 64 i Isfjorden på grunn av utvasking, seier seksjonsleiar Ivar Hol i Statens vegvesen.

Over hele fylket er det spreidde skader på vegane. Det gjeld først og fremst rekkverk, nedfall av tre og mindre utvasking av vegar som ligg nær havet. Det er også mange skadar på skilt og trafikklys.

Arbeidet med å utbetre skadane er i full gang og det er ingen vegar som er stengt som følgje av skadane etter orkanen.