Lokala i Myrvåg ligg vegg-i-vegg med Sunnmøre flissenter, og det vart raskt fylt opp med folk torsdag. Både av dei som er tilknytt misjonsselskapet og folk som var på jakt etter rimelege, gode varer. Regionleiar Barbro Østrem i DNMS Møre seier til avisa Vestlandsnytt at dei i utgangspunktet har tenkt å halde butikken open kvar dag, med langope på torsdagane. Østrem fortel at dei har mykje folk som har sagt seg villige til å ta vakter i butikken, men at dei er takksame dersom endå fleire melder seg. Ho opplyser at dei tek imot det aller meste, utanom kle og kvitevarer. NMS har 35 gjenbrukbutikkar rundt om i landet, og seks av dei ligg i region Møre. Butikkane blir drivne av ulønte medarbeidarar, gjerne pensjonistar. Alt arbeidet har eit hovudfokus; samle mest mogleg pengar til misjonsarbeidet.

Regionleiar Barbro Østrem i DNMS Møre meiner den store interessa opningsdagen lovar godt for framtida til den nye gjenbrukbutikken i Myrvåg. (Arkivfoto).