Etter Vestlandsnytt onsdag skreiv om at bispekontoret har teke sokneprest Jens Terje Johnsen ute av prestegjerninga i tre månader, har fleire media snappa opp saka. Bakgrunnen for den ufrivillige studiepermisjonen skal vere samarbeidsproblem eller dårleg arbeidsmiljø på kyrkjekontoret.

Bispekontoret hevdar dei i samarbeid med Johnsen har kome fram til at ein studiepermisjon er det beste, medan Johnsen på si side seier permisjonen er pålagt han. Han veit ikkje kva han skal studere.

Onsdagskvelden oppretta John Nerem og kona støttegruppe for den populære soknepresten i Herøy. Dei ville gjere noko for å støtte presten. Gruppa har i skrivande stund fått over 1700 medlemer.

Ein annan har oppretta ei gruppe på Facebook som ikkje støttar "Jens prest". Dei har i skrivande stund fire medlemer.