Annleggs- og transportplanen for siste del av kraftlinja mellom Ålesund og Ulsteinvik er godkjent, opplyser nettdirektør Bjørn Siem i Tafjord til Sunnmørsposten.

Det er olje og energidepartementet som har gitt grønt lys for måten Tafjord har planlagt å utføre arbeidet på.

Tafjord tek sikte på å få alt ferdig i løpet av våren.

Tafjord har tidlegare fått godkjent å setje opp 20 stolpar av kompositt på søre Sula. Mattilsynet stoppa monteringa av vanlege stolpar impregnerte med kreosot, fordi dei kom til å forureine brønnane til folk.

Den nye kraftlinja skal sikre straumtilførselen til Ytre Søre Sunnmøre.

Konsernsjef Elling Dybdal i Tussa uttalte til Vikebladet Vestposten at straumkrisa hadde vore lettare å handtere då "Dagmar" feia over Søre Sunnmøre i romjula, dersom kraftlinja frå Sula til Ulsteinvik var ferdig.