I utgangen av mars var 1,6% av arbeidsstyrken i fylket utan arbeid. NAV Møre og Romsdal melder at det har aldri før vore registrert så låg arbeidsløyse i fylket i ein mars månad nokon gong.

Nedgang frå i fjor

Ved utgangen av mars var det 1.967 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal, det utgjer 1,6% av arbeidsstyrken, og er ein nedgang på 33,1% samanlikna med same periode i fjor. Sandøy hadde lågast arbeidsløyse, med berre 0,3%, medan Hareid har nest høgast arbeidsløyse i fylket, med 2,8%. På landsbasis går arbeidsløysa ned for alle yrkesgrupper, men størst har nedgangen vore innan undervisning, helse, pleie og omsorg, samt jordbruk, skogbruk og fiske. Alle desse har hatt ein nedgang på 43% det siste året. Blant personar med høgare utdanning, over fire år, er det berre 59 heilt ledige personar i Noreg no. Her har det vore ein nedgang i arbeidsløysa på 41% sidan i fjor.

227 utan arbeid i Ulstein

I Ulstein distrikt er 100 menn og 127 kvinner heilt utan arbeid, dette svarar til 1,8% av arbeidsstyrken. Talet på heilt ledige har auka med 23 personar sidan førre månad, men det er 100 færre ledige no enn i fjor. Dette svarar til ein nedgang i arbeidsløysa på 31% sidan i fjor. Når ein ser på tala for kommunenivå er det klart at i Herøy og Sande har det blitt litt fleire i arbeid enn sist månad, medan det i Ulstein og Hareid har vore ei auke i arbeidsledige. Alle desse kommunane har likevel hatt tilbakegang i arbeidsløysa om ein ser tilbake til førre år. I Sande er det 1,2% av arbeidsstyrken som er heilt utan arbeid no, medan tilsvarande tal for Herøy er 1,5%, Ulstein 1,6% og Hareid 2,8%.