Fredag var både elevar og lærarar frå skipsteknisk line ved Herøy vidaregåande skule på Ulstein Verft for å sjå på vedunderet dei snart skal få i hus. Motoren vart montert om bord i "Bourbon Topas", men tekniske problem gjorde at han måtte skiftast ut. Administrerande direktør Karsten Sævik ved Ulstein Verft fortel at verftet kunne ha sett motoren i stand, eller selt han vidare i delar. Men vi valde å gje han bort til Herøy vidaregåande skule. For med denne motoren er vi med å styrke interessa og rekrutteringa til dei maritime bedriftene i regionen, seier han. Ein ny motor av denne typen kostar om lag 2,5 millionar kroner. Rundt motoren flokka det seg fleire nyfikne framtidige maskinistar. Vi gler oss til å begynne å demontere, pusse og olje delane - og setje dei saman att, smiler gutane. Lærarane Leif Dimmen og Oddvar Sørdal meiner det betyr svært mykje at skulen no får ein realistisk motor å skru på. Motoren frå 1964 er på 240 HK, medan Catepiller-motoren er på 2585 HK, ti gonger større enn den gamle.

Også Kleven Verft

Det er forresten ikkje berre Ulstein Verft som har tatt på seg spanderbuksa. Kleven Verft har kosta stålfundamentet som motoren skal stå på. Om ei vekes tid skal den 8 tonn tunge kolossen løftast over på ein truck og køyrast med lastebil til Herøy vidaregåande skule, der ei kran skal stå klar til å ta det siste løftet. Det skal bli kjekt å bytte ut ein antikvitet med ein topp moderne motor, kommenterer Oddvar Sørdal, lærar ved lina for skipsteknisk drift.