På sakskartet til Hareid formannskap torsdag låg saka om nedlegging av Brandal skule. I innstillinga til rådmann Arne Gunnar Aschehoug stod det at Brandal barnehage skulle leggjast ned snarast, og seinast frå 30. mars i år. Men så raske på avtrekkjaren vil ikkje formannskapet vere. Eit samla formannskap gjekk inn for at det skal vere kommunal barnehage i Brandal fram til barnehageåret blir avslutta i juni. Men dei to andre punkta i forslaget til rådmannen var det full semje om: Borna i Brandal barnehage får tilbod om plass i Syverplassen barnehage. Og administrasjonen blir bedeom om, så langt det er mogleg, å tilpasse/omorganisere personalressursen i Syverplassen barnehage etter barnetalet. Dette for å redusere inntektstapet.