Dei siste skatteinngangstala frå Statistisk Sentralbyrå slår fast at skatteinngangen aukar veldig i Møre og Romsdal. Hittil i år - pr. 1. mars - er det teke inn 17,3 prosent meir i skatt her i fylket enn til same tidspunkt i fjor. På Søre Sunnmøre har Hareid størst grunn til å juble over utviklinga. Etter to månader har Hareid kommune teke inn 26,7 prosent meir i skatt enn i same periode ifjor. Ulstein har hatt ein auke på 21,3 prosent, medan Sande har + 19,7. I Ørsta har det vore ein auke på 18,8 prosent, i Herøy 14,5 prosent, i Volda 11,0 prosent og i Vanylven 9,0 prosent. Med dette har Hareid den femte største prosentvise auken i skatteinngang av kommunane. På topp ligg Surnadal og Aukra med 45,3 og 45,3 prosent. Så har Nesset 39,0 prosents auke og Sandøy 33,1 prosents auke.

Tala for Søre Sunnmøre-kommunane

(Nominell skatteinngang - prosentvis endring) Herøy 166,0 mill. + 14,5 % Ørsta 129,5 mill. + 18,8 % Ulstein 115,5 mill. + 21,3 % Volda 91,7 mill. + 11,0 % Hareid 57,5 mill. + 26,7 % Vanylven 35,6 mill. + 9,0 % Sande 30,9 mill. + 19,7 %