Arkitekt Georg Grimstad meiner det har oppstått ei stor mistyding viss folk trur at scena for Hjørungavågspelet skal ligge nede på badestranda. Scena blir bak barden – Amfiet skal gravast ut oppe på marka bak barden som ligg der i dag. Også sjølve scena vil ligge bak barden. Endringa frå i dag er at han nokre stader blir om lag 1,5-2 meter høg. Men dette vil ikkje endre tilhøva på sjølve badestranda, forklarer han. Grimstad har vore konsulent for prosjektgruppa som har fått utgreidd planane for Hod – Vikinglandet. Arkitekten slår fast at det er lokalitetane ved Overåsanden som oftast har vore nytta til framføring av Hjørungavågspelet, og at årsaka er openbar: "genius loci" – "stedets iboende ånd", seier Grimstad, og siterer arkitekturprofessor Christian Nordberg-Schultz si karakterisering av ein stad som med si utforming, si historie og omgjevnader var forutbestemt til ein spesiell aktivitet. – Hareid har nok av ubrukte atteleger som kunne ha vore nytta til speleplass. Det ville då vere enkelt å løyse dei praktiske utfordringane eit slikt arrangement fører med seg. Men nærleiken til sjøen er viktig i Hjørungavågspelet. Georg Grimstad forklarer at tilknytinga til Hjørungavåg og ei estetisk ramme rundt speleplassen i mest mogleg jomfrueleg natur har vore kriteria som ligg til grunn i søket etter ein eigna permanent speleplass. – Inga hjelp frå ordførar Einar Holm Sten Øvrelid er leiar i prosjektgruppa for Hod – Vikinglandet. Øvrelid har lang fartstid som styreleiar for Hjørungavågspelet, og han slår fast at planane for ny speleplass har pågått i årevis. – Vi starta den tida Einar Holm var ordførar, men noko hjelp til avklaring, plassering og realisering fekk vi ikkje. Gunn Berit Gjerde engasjerte seg ein god del då ho var ordførar, og det vart halde nokre møte for å få avklart plassering, men vi kom ikkje i mål, oppsummerer Øvrelid. Han meiner det var ein dryg påstand representantane frå Folkelista kom med i avisa 9. desember, då dei hevda at speleplassen på Overå ikkje var godt nok utgreidd. Det var Hallgeir Teigene og Bjørn Overå som kom med påstanden, og Øvrelid meiner dei to ikkje har innsyn i kva arbeid som er lagt ned av prosjektgruppa. Seks informasjonsmøte – Vurderingane har pågått med synfaringar, klarlegging og venting på avklaringar som likevel ikkje har ført til noko avklaring, og så har vi vore like langt. Det har likevel ført oss vidare, men ikkje så langt fram som vi skulle ønskje i høve til tidsklemma. Øvrelid fortel at synfaringane har gått frå Alme til Kjerringvika opptil fleire gonger. – Men vi endar kvar gong tilbake til at området ved Overåsanden er best eigna. I tillegg til Øvrelid og Grimstad er også Vigdis Riise med i prosjektgruppa. Ho understrekar at det er lagt stor vekt på å bevare området på best mogleg måte. Frå i haust og fram til 5. november har prosjektgruppa gjennomført seks informasjonsmøte om prosjektet. Og ingen har gått til angrep på planane. – Tilbakemeldingane til oss har eintydig vore positive. Når vi ser reaksjonane i Vikebladet Vestposten 9. og 11. desember, blir vi forundra over "hårreisande" utsegner som ikkje har rot i røyndomen. "Eit hårreisande angrep på Overåsanden" - - skal tru kva for eit informasjonsmøte desse karane har vore på? spør Vigdis Riise og Sten Øvrelid – og legg til at det kan umogleg ha vore informasjonsmøte om ny speleplass på Overåsanden. Til liks med Georg Grimstad forsikrar Riise og Øvrelid at badestranda ikkje vil bli råka av planane. Ho skal vere akkurat som i dag. – Det er like viktig for oss som alle andre, legg dei til. For Sten Øvrelid er det ikkje noko nytt Einar Holm kjem med når han opplyser at halve badestranda er eigd av staten. – I 1993, då vi bygde ramma for gildehallen på plenen nedanfor parkeringsplassen, måtte vi søkje departementet om løyve til dette, og løyve fekk vi. Den pågåande utarbeidinga av reguleringsplanen vil sjølvsagt ta seg av dette også, kommenterer han. Fornminne i haugen bak golfhytta Øystein Liavåg og Johannes Liavåg lanserte i Vikebladet Vestposten torsdag 11. desember ny speleplass ved det gamle klubbhuset til golfklubben. Men prosjektgruppa meiner ei slik løysing vil kome i konflikt med gravhaugane som er registrerte i dette området. Det er byggjeforbod i 50 meter frå slike fornminne, og dei er i tillegg tenkt å vere ein del av attraksjonen i området. – Hod – Vikinglandet kan bli eit symbol på framtidstru, kulturinteresse og skaparvilje i Hareid kommune. Vi håper politikarane ser kor viktig dette er, og går inn for planane, seier prosjektgruppa.