Statsråd Bjarne Håkon Hanssen vart motteken av dagleg leiar Arild Grimstad ved Hareid Ressurssenter og ordførar Gunn Berit Gjerde. Den eine med paraply, den andre med ordførarkjede. Regnet hølja tett, og i stor fart barst det rett inn i lokala til Ressurssenteret, der flyktningane som stod opptira i resepsjonen fekk eit lite glimt av ministeren før han med følgjet sitt smatt inn i amfiet. Ordførar Gunn Berit Gjerde ønska ministeren, med politisk sekretær Arnhild Holstad, spesielt velkomne til Hareid. Gjerde meinte det var ei æra at Hanssen ville vitje akkurat Hareid. Ho rekna med at bakgrunnen for at han hadde valt å kome til Ressurssenteret, var at dei hadde lukkast godt med opplegget sitt. Dagleg leiar Arild Grimstad opplyste at målsetjing ved Ressurssenteret er at elevane skal lære seg godt norsk på kortast mogleg tid, og at visjonen deira er at læring skal gjere kvardagen betre for vaksne flyktningar. Hareid kommune har drive på med integrering av flyktningar i 20 år. Frå i haust av har kommunane Ørsta og Volda inngått samarbeid med Ressurssenteret på Hareid. I dag går der 70 elevar på norskundervisning, 37 av desse er med på introduksjonsprogrammet, medan 11 er grunnskuleelevar. Det blussa opp ein debatt både blant politikarane og innbyggjarane i Ørsta då det vart kjent at flyktningar frå Ørsta og Volda skulle bussast til Hareid for å få undervisning. Men skepsisen har avteke. Konklusjonen i lokalmiljøet er at Hareid Ressurssenter er over forventning, fortalde Grimstad til ministeren, og viste til oppslag i lokalavisene i Ørsta og Volda.

Samtalegruppe og ferskingar

Sjølv om Ressurssenteret fredag hadde vitjing av ein minister, var det ein vanleg dag ved Ressurssenteret. I alle fall nesten. Bjarne Håkon Hanssen fekk blant anna helse på samtalegruppa som kvar fredag sessar seg rundt bordet til prat og kaffistund. Ei gruppe med ei blanding av flyktningar og lokale innbyggjarar. Der diskuterer dei ulike tema, snakkar norsk og kosar seg i i lag. Bjarne Håkon Hanssen var tydeleg imponert over denne gruppa, med folk frå Kongo, Italia, Somalia, Etiopia, Eritrea og Hareid. Han var også innom eit av klasseromma og fekk helse på elevar som begynte med norskopplæring for ei veke sidan. Monique frå Kongo, som er busett i Volda, hadde fått oppdraget med å helse til ministeren. "Eg heiter Monique og er frå Kongo", sa ho høgtideleg. Deretter vart det ein liten samtale mellom Monique og ministeren - på engelsk.

Fekk respons på hjartesukka

Men det nyttar ikkje å få statsrådsbesøk og berre servere solskinshistorier. Arild Grimstad nytta høvet til å kome med nokre hjartesukk. Han peika på at den nye tilskotsordninga frå staten, som vart innført av førre regjering, er for dårleg. Grimstad meiner det no er berre store kommunar som klarer å drive økonomisk forsvarleg. Dette fører til at mindre kommunar vegrar seg for å ta imot flyktningar. Vi overlever inn til vidare på overgangsordninga, var meldinga frå Grimstad, som ikkje la skjul på at samarbeidet med Ørsta og Volda var ei lukke for Ressurssenteret. Kommunane får ca. 90.000 kroner i integreringstilskot på fem år for kvar flyktning, noko som utgjer knappe 20.000 kroner per år. For å undervise flyktningane trengst det både lærarar, materiell og husrom. Då seier det seg sjølv at det må volum til for å gå i balanse. Det andre hjartesukket hans handla om mangelen på nynorske lærebøker. Hareid kommune har vedteke at undervisninga av flyktningar skal skje på nynorsk, men arbeidet med å trykke opp bøkene går tregt. Ministeren ville gjerne at Arild Grimstad skulle sende han ei skriftleg liste over ting han ikkje var nøgd med. Slik at han kunne ta det med seg vidare i arbeidet med å leggje betre til rette for integrering av flyktningar. Å auke introduksjonstilskotet dei første åra har den nye regjeringa alt lova. Dette skal syne att på budsjettet neste år. Men Hanssen verka også å vere velviljen sjølv når det galdt å sikre elevane nynorske lærebøker. Eg har hand om eit budsjett på 220 milliardar kroner, eg kan ikkje tru at desse bøkene vil gjere det store innhogget på budsjettet, smilte Hanssen, som kom rett frå synfaring i Ivar Aasen-bygget. I ein kommentar til Vikebladet Vestposten seier Bjarne Håkon Hansen at han er imponert over det Ressurssenteret på Hareid har fått til. Og sjølv om han har lova større integreringstilskot dei første åra, trur han likevel samarbeid over kommunegrensene er rette vegen å gå. Eg kan på ein måte forstå innvendingane mot å reise frå Ørsta og Volda til Hareid. Men eg trur det samla gjer læringsmiljøet både rikar og betre, seier han.

Trivst som politisk sekretær

Arnhild Holstad har sidan oktober 2005 vore politisk sekretær for Bjarne Håkon Hanssen, og var med på turen til heimbygda Hareid. Ho fortel at då det skulle leggjast opp til ei rundreise for kommunal- og inkluderingsministeren, peika Hareid og Ressurssenteret seg fort ut som interessant. Holstad medgir at ho trivst godt i jobben som politisk sekretær. Det er ein unik skule å få lov til å gå på. Han varer ikkje evig, men det er kjekt å få vere med, smiler ho. Statsråden og følgjet hans fekk også med seg ein sketsj som flyktningane sjølve stod for. Og vitjinga vart avrunda med lunsj, der det på menyen stod brennsnut og innvandra mat.