Almestad viser til at Rolls-Royce Offshore, med hovudkontor i Ulsteinvik, står sterkare enn nokon gong, og at dei så avgjort ikkje går med flytteplanar. Offshoreaktiviteten i regionen har auka kraftig dei siste åra, og det same har talet på rederi. Teknologane våre utviklar nye produkt gong på gong. Og ofte skjer dette i tett samarbeid med lokale kundar. Det er dermed ingen grunn til å flytte hovudkontoret for offshore frå den globalt sett mest dynamiske offshoreregionen, slår han fast. Rolls-Royce Marine er organisert i fire forretningsområde: Handelsskip med hovudkontor i Shanghai, Kina, U-båtar med hovudkontor i Derby, England, Navy med hovudkontor i Walpole, USA og Offshore med hovudkontor i Ulsteinvik. Av desse er offshore den klart største eininga. Rolls-Royce Offshore har ein stor del av aktivitetane sine fordelt rundt om på Hareid, Haram, Ålesund, Volda og Ulstein, og målet er å vidareutvikle aktiviteten på Sunnmøre. Konserndirektøren fortel at det som skal leggjast til Postbygget i Ålesund er ein del av produksjonsleiinga. Dette utgjer 5-6 personar. Der skal også vere kontorfasilitetar for tilsette på korttidsjobbar, og enkelte merkantile funksjonar. Men hovudkontoret offshore står fjellstøtt i Ulsteinvik.

Største private arbeidsplassen på Sunnmøre

Almestad opplyser at aktiviteten og omsetninga i Rolls-Royce Offshore aldri hr vore større enn no. Ordrereserven er på rekordstore 12 milliardar kroner, og kontraktane gjer at dei har full produksjon ut 2009. Rolls-Royce Offshore er med sine ca. 1400 tilsette den største private arbeidsplassen på Sunnmøre. Dette er ein auke på nærare 100 tilsette i løpet av dei to siste åra. Talet på tilsette i Noreg totalt er 2400. I tillegg kjem ein stor auke i bruk av underleverandørar, både regionalt og utanfor regionen. Den store utfordringa for Rolls-Royce i år blir, til liks med industrien elles, å skaffe folk nok til jobbane som skal gjerast, og til å få varene frå underleverandørane til rett tid. Rolls-Royce har eit godt nettverk over heile Europa som vi no brukar for å skaffe oss fagfolk. Og Rolls-Royce sin marineaktivitet er plassert i ei rekkje land som vi kan trekkje arbeidskapasitet ut av, fortel Almestad. Snart kjem ein del nytilsette ingeniørar frå Nederland til Rolls-Royce i Ulsteinvik.