Områdeleiar for teknisk sektor Nils Yngve Nupen sa rett ut at dei framlagde dunk-forskriftene ikkje heldt mål. Han peikte både på manglande avstandsformuleringar og manglande presisering av kva ein "sommarbustad" er. Nupen fann det utruleg at fleire ting som hadde vore påpeikt under prosessen ikkje hadde kome med i forskriftene. Hareid-politikarane vil ikkje avvise å innføre dunk, men krev ei dispensasjonsordning. Fungerande ordførar Willy Nesset (TVP) var for dunk, men la til at alt ikkje var "rosenrødt". Ifølgje Nesset budde 22 personar i Hareid slik til at "SSR ville strekke seg langt når det gjeld dispensasjon". For å sikre at slike får ei ordning å leve med ville han derfor ha eit eige dispensasjonsreglement. Benet Giskeødegård Jonsson (SV) påpeikte at sjølve tøminga kom til å gå seinare med dunk enn med sekk. Det som truleg blir betre, tippa ho, var arbeidsforholda for dei som tømer dunkane. Lidna Haddal Røssevoll (H) stadfesta at det går kjappare å tøme med sekkar, men at ordninga med dunkar kjem til å bli meir rettferdig. Kåre Grimstad (V) opplyste at tøminga vil gå seinare først og fremst fordi ein skal ned til ein mann pr. bil. Perny Ann Nilsen (FrP) valde å sjå det positive i at ein no slepp å sjå alt bosset som slyng langs vegane etter sunde sekker. Formannskapet gjekk så samrøystes inn for å slutte seg til opplegget med bossdunkar, men vil ha ein ny gjennomgang av forskriftene - og peikte altså åp at det måtte kome eit regelverk for dispensasjonar.