Siktemålet med høyringa er å få forklaringar frå Bourbon Dolphin-offiserar som ikkje kunne delta på høyringa som vart halden i Ålesund 18. og 19. juni. Følgjande personar vil bli avhøyrde: Kaptein Frank Reiersen, kaptein Hugo Hansen, førstestyrmann Geir Tore Syversen og førstemaskinist Morten Reite. Høyringa tek til klokka 10 og vil i utgangspunktet gå for opne dører. Høyringa er i Theatergaten 5.