Eg tenkte eg kunne dele synet med dokke, skriv Benjamin Gjerde i mailen han har sendt til Vikebladet Vestposten. Og det seier vi sjølvsagt tusen takk for. I følgje smp.no var det klokka 23.44 den totale måneformørkinga skjedde over store deler av Nordvestlandet. Over andre delar av landet var det då så overskya at dei ikkje fekk oppleve det vakre synet som ei månemørking er.