Ei kvinne i Hovlia på Hareid vart storleg forbina då ho søndag morgon kika ut gjennom kjøkkenvindauget og oppdaga at der stod det ein bil i hagen hennar. Det var ingen personar i bilen, og hageeigaren kontakta politiet, som igjen rekvirerte ein bergingsbil til å flytte køyretyet ut av hagen. Men registreringsnummeret på bilen gjer at politiet er på sporet av eigaren.