Reiarlaget Solstad Offshore i Skudeneshavn, som gjennom åra har tinga både båtar og skipsutstyr i Ulsteinvik, har eit godt år bak seg. Gode finansinntekter og ein sterk marknad for forsyningsskip og offshore konstruksjonsfarty gav Solstad eir 2006-resultat på heile 951 millionar kroner. Utnyttingsgraden for Solstad-flåten var på 95 prosent, og driftsinntektene på 1,9 milliardar kroner, melder Dagens Næringsliv. Solstad-sjef Lars Peder Solstad meiner utsiktene er gode også for dei komande par åra. Det vil bli stor etterspørsel etter skip på grunn av dei mange boreriggane som skal leverast - og på grunn av utbyggingsaktiviteten. Solstad har henta farty som Normand Master og Normand Installer ved Ulstein Verft. Sistnemnde altså i 2006, ei 124 meter lang kjempe til 650 millionar kroner. Om bord hadde båten den største vinsjen Rolls-Royce til då hadde levert - med kapasitet til å ta 12.000 meter med 76 millimeters vire.

Normand Installer vart overlevert frå Ulstein Verft til Solstad i januar 2006.