På kveldane og på nettene er det folk som samlar seg på parkeringsplassen rundt kjøpesenteret på Amfi. Naboane skal vere plaga bråk frå slåsting og villmannskøyring i området. Dei mistenkjer ungdomane for å selje narkotika på plassen bak kjøpesenteret. Og i rundkøyringa køyrer dei galne vegen i stor fart. Av fare for represaliar frå ungdomane, vil ikkje naboane stå fram i avisa. Då Vikebladet Vestposten sist veke konfronterte politiet om dei vil gjere noko med problemet, svare dei at dei ikkje kjende til problemet. Om nokon kjende seg plaga burde dei kontakte politiet.

Ei sak for politiet

Leiar i teknisk utval, Lidbjørn Vattøy, meiner at om folk gjer noko ulovleg er dette ei sak for politiet, ikkje kommunen. Han kan ikkje gjere anna enn å oppmode bråkmakarane om å ta til vitet. Vattøy kjenner ikkje til at det skal vere skrive eit brev til kommunen om å stengje av plassen med skilting. Han kjenner berre til det han har lese i avisa om saka. Utvalsleiaren seier at parkeringsplassen til Amfisenteret er privat grunn, så der kan ikkje kommunen gripe inn utan vidare. Det er opp grunneigarane om dei vil setje opp eit skilt som regulerer køyringa der på kveldstid. Vattøy trur ikkje det er så lett å løyse problemet ved å setje opp eit skilt. For Ulstein Bowling har ope utover kveldane, og så lenge dei har ope, kan ikkje parkeringsplassen stengje av. Kva med ein bom som kan låsast? Ja, det er mangt som går an. Men det er ikkje gjennomførbart. Om folk driv med slikt som er ulovleg bør politiet gripe inn, meiner Vattøy.

Har søkt om skilting

I slutten av august sendte arkitekt Roald Sporstøl ein søknad til Ulstein kommune, på vegner av Brattøra Eiendom, om å få setje opp eit forbodsskilt på innkøyringane til parkeringsområde som høyrer til Brattøra kjøpesenter. På trafikkskiltet skulle det stå at det var innkøyring forbode mellom klokka eitt og seks på natta. Eit underskilt skulle gje løyve til nyttetrafikk for leigetakarar, tiltakshavar og byggherre. Bakgrunnen for søknaden var at Brattøra Eiendom skal ha motteke klagar frå naboar som var plaga av uønskt trafikk og støy nattetid. Teknisk sjef Elling Indresøvde kan opplyse om at framlegget var ute på høyring, mellom anna til politiet. Men det var Odd Kåre Wiik på teknisk etat som var sakshandsamar for denne saka, så han ber Vikebladet Vestposten ringje han. Odd Kåre Wiik seier at det er politiet på staden som avgjer skiltvedtak på privat veg, difor sendte han søknaden vidare til dei.

Avslag

Politiet ville ikkje tilrå slik skilting. Avslaget er frå november 2006. I avslaget heiter det at ei slik skilting kan skape problem for næringsdrivande på senteret. I dag gjeld dette Ulstein bowling som har ope til kl 01.00, men det kan i framtida gjelde fleire. Politiet melder om at dei under patruljetenesta si i helgane har kontrollert området, men meiner der er liten aktivitet rundt senteret etter stengetid på bowlinghallen. Politiførstebetjent Leif Arne Mork syner til erfaringar med andre område i Ulsteinvik som har liknande skilting. Politiet meiner slik skilting har liten effekt og det har vore vanskeleg å handheve. Erfaringa deira tilseier at eit eventuelt trafikkstøyproblem berre vil flytte seg til andre område ved ei slik stenging av plassen.