På tomta mellom Amfi kjøpesenter og gamle helsestasjonen er Brattøra Eiendom AS i gang med eit nytt stort sentrumsbygg. Gravinga er no kome i gang. Jostein Kiperberg i Brattøra Eiendom reknar med at betongarbeidet blir påbyrja om tre til fire veker. Men først må dei sprenge vekk litt fjell, forklarer han. Så skal bygget stå ferdig i april 2008. Arkitekt for det huset er Ivar Aamlid. Grunnplanet er avsett til forretningar. Oppover i etasjane skal fjorten bustader få plass. Kvar bustad på 60 - 80 kvm.