Men før Frantzefoss, som utfører rivinga med grabb, fekk sleppe til for fullt, fekk Terje Karlsen Wiik løyve av Hareid kommune til å ta ut historiske klonodier. Han har alt sikra fleire ting og lagra dei. Blant anna fann han ei vogge frå tidleg 1800-tal oppe på loftet. Truleg låg Ingvard Alvestad i vogga då han var liten gut. Rivinga viser at tømmeret i buda er i svært god stand. Men i og med at rivinga foregår med grabb er det lite aktuelt med gjenbruk. Til det måtte ein ha plukka ned treverket bit for bit. Treverket blir no i staden male opp til flis. Det ligg føre planar om å stille ut gamle ting frå Alvestadbuda på ein egna stad i kommunen, kan hende i ein krok på Ishasvmuseet, under vignetten "Alvestadkroken". * Alvestadbuda vart bygd kring 1860 som landhandel for gardane i Hareid, Vartdal, ytre delar av Hjørundfjorden og sørsida av Sula. Landhandelen gjekk konkurs i 1880-åra og vart kjøpt av Nils O. Alvestad frå Brattvåg i 1886. Etter det har Alvestadfamilien drive handel og ekspedisjon der i ei årrekke. Til slutt vart buda kjøpt av Hareid kommune og var ei tid motorklubblokale. Dei siste åra har ho stått ubrukt og sterkt til nedfalls.