I tilknyting til ransakinga blei to personar pågripne, siktet for oppbevaring og salg av GHB. - Målet med gårsdagens aksjon var å pågripe ein namngitt person. Aksjonen var i så måte vellykka, opplyser politiadvokat Inger-Marie Sperre i ei pressemelding frå politiet. Under aksjonen i går ettermiddag blei det berre beslaglagt små mengder narkotika. - Det forhold at det ikkje ble beslaglagt store mengder kommer ikkje overraskande på politiet, seier politiadvokat Inger-Marie Sperre. - Vi har bevisst valgt å gå aktivt ut i media for å forhindre at ungdommar bruker stoffet. Dette gjer etterforskinga med tanke på beslag vanskelig, seier ho. Dei som produserer og omsetter stoffet vil naturlig nok være svært forsiktige og gøyme stoffet. - Politiet har enno ikkje tatt stilling til om dei to skal framstilles for varetektsfengsling, seier Sperre.

Nytt overdose tilfelle

Natt til tirsdag denne veka fekk politiet på Sunnmøre kjennskap til nok eit overdosetilfelle. Dette er det 11. tilfellet på kort tid. Ein mann i 20-åra døydde forrige torsdag etter overdose av GHB. - Vi vil derfor igjen minne om at GHB-stoffet som er i omløp - er svært farlig. Vi åtvarar på det sterkaste mot at folk inntek stoffet, avsluttar politiadvokat Inger-Marie Sperre.