Møre-Nytt kjem ut tre gonger i veka og har eit opplag på 5500. Avisa vart skipa i 1935 av Alf og Øivind Bergmann og har sidan vore eigd av familien. Sunnmørsposten overtek no alle aksjane til tre av etterkomarane, medan den fjerde, redaktør og dagleg leiar Erik Bergmann, sel seg ned til 35 prosent. Møre-Nytt er lokalavis for kommunane Ørsta og Volda, og er med opplaget på 5500 den største fådagars-avisa på Sunnmøre. Verksemda hadde i 2006 ei samla omsetning på 12 millionar kroner, og eit driftsresultat på 0,6 millionar kroner. Avisa har 14 årsverk og eige trykkeri. Møre-Nytt er den einaste norske avisa i fullformat, men førebur overgang til tabloid. Avgjerda om å selje avisverksemda har gradvis modna seg. Vi er glade for og nøgde med at Sunnmørsposten no vert majoritetseigarar. Møre-Nytt vil modernisere avisproduktet og organiseringa av verksemda, og Sunnmørsposten er det mest profesjonelle og kompetente medieselskapet til å leie ei slik utvikling. Dei har ankerfeste i distriktet og deler ønsket vårt om å vere best på nære, lokale nyhende og informasjon, kommenterer Erik Bergmann. Med kjøpet av Møre-Nytt styrkar Sunnmørsposten posisjonen sin på Nordvestlandet. Frå før eig mediehuset Sunnmøringen, Vikebladet Vestposten, Fjordenes Tidende, i tillegg til minoritetspostar i Fjordabladet og Fjuken. Edda Media har eigarskap i 10 av dei 24 avisene i medieregionen Nordvestlandet.