Då folk på Søre Sunnmøre skulle køyre heim frå jobb måndag ettermiddag var det nok ein del som måtte slakke ned farta og ta det med ro for å halde bilen rett på vegen. Snømengdene som har kome ned siste døgnet er store, og det held fram med å snø. Sjølv om brøytebilane truleg gjer sitt beste for å halde vegen fri for snø, ligg det til tider mykje snø i vegbanen. Men politiet melder om at dei ikkje kjenner til at nokon har kollidert eller køyrd av vegen denne ettermiddagen.