Han foreslår derfor at det blir gjort ei utgreiing om dette – av konsulentar med solid fagleg og økonomisk kompetanse – og slik at denne utgreiinga ligg føre innan utgangen av 2011.

Dersom kommunen ikkje finn at det er tilfredsstillande økonomisk grunnlag for å utnytte grunn og rettar til kraftproduksjon, vil kommunen - med unntak av dam-anlegget - tilbakeføre grunn og rettar til dei einskilde opphavelege eigedomane. Vilkåra for ei slik tilbakeføring skal i så fall opp som ei eiga sak.

Dersom kommunen vel å bygge ut eit småkraftverk, skal grunn som ikkje er naudsynt for anlegget anten nyttast som byttemiddel for erverv av ny grunn, om det er behov for det, eller tilbakeførast til dei opphavelege eigedomane.

”URIMELEG OG LITE LOGISK KRAV”

Rådmannen reagerer på at ”Innbyggjarinitiativet” legg opp til tilbakeføring av rørgate, stasjonsbygning og fallrettane til kraftproduksjon. Han finn dette ”urimeleg og lite logisk” sidan dette i følgje rettsforhandlingane ikkje er omtvista grunn.

- Hadde ”Innbyggjarinitiativet” lagt opp til at dei delane i domen som var omtvista (elvegrunnen og vatn som ikkje vert nytta til kraftproduksjon) skulle tilbakeførast, ville det vore enklare å forstå – sidan det er på dette punktet det vert hevda at domen ikkje er rett, skriv rådmannen, som dessutan meiner det ikkje har noko for seg å gå inn i ei vidare vurdering av desse påstandane i samband med denne saka. – Korkje støttegruppa eller rådmannen eller andre kan endre rettsstatus – det er det berre ei ny prøving av saka i rettssystemet som eventuelt kan gjere, skriv han.

Rådmannen skriv i forlenginga av dette at det ikkje er spørsmålet om dommen er rett eller feil som er tema for ”Innbyggjarinitiativet”, men å ta stilling til om kommunen skal føre attende dei areal og rettar som grunneigarane gav frå seg i samband med bygging av elektrisitetsverk i Indredalen i 1917.

Rådmannen tolkar ”Innbyggjarinitiativet” då som ei konstatering av at rettsleg er det kommunen som pr. i dag er heimelshavarar til grunn og andre rettar i samsvar med dommen. – Og kommunen har råderett til å gjere kva ein vil med desse rettane, føyar han til.

"EI VISS USIKKERHEIT OM NY RETTSAVGJERD"

Rådmannen vedgår at det i jordskifteretten vart antyda ”eit tolkingsrom båe vegar, men enda etter ei samla vurdering på at det var kommunen som eigde elvegrunnen”.

- Utifrå det kan det ligge ei viss usikkerheit i om kva ein ny rettsavgjerd vil ende opp med. Men fleire rettsinstansar har prøvt dette med med bakgrunn i ny dokumentasjon utan å oppheve jordskifteretten sin dom, skriv rådmannen - og legg til: - Utifrå ei prinsipiell haldning og med tanke på moglege konsekvensar for andre saker (presedens) vil det vere feil av kommunen berre å gje etter for ei ressurssterk gruppering/støttegruppe og vedvarande og til dels belastande mediaomtale for å få avslutta ei sak.

- Ein konsekvens av å etterkome ”Innbyggjarinitiativ”, skriv rådmannen, - er såleis å gje signal om at berre ein står på og er uthaldande nok, så gjev kommunen etter sjølv om ein ikkje har retten på si side.

- Rådmannen rundar likevel av saksutgreiinga si med å skrive at grunnlaget for konklusjonen hans er at dersom ei eventuell prøving av domen skulle vise noko anna enn gjeldande rettstilstand, så vil kommunen sjølvsagt akseptere og innrette seg etter det.

Grunneigarane i Brandal har frist på seg til å anke gjeldande rettskraftige dom til hausten 2010.