Dei populære Vassendgutane skal spele til kontrollert skjenking under utedansen i Gursken 16. mai. Foto: Iselin Nevstad Øvrelid

- Vi røystar på denne måten fordi alternativet er så mykje verre, sa KrF-aren Åge Sandvik framfor det Vestlandsnytt kallar eit "forbløffa kommunestyre".

Alternativet Sandvik synte til var ein vanleg dans der alkoholbruken ofte kan kome ut av kontroll.

Skjenkeløyvet vart gitt med 16 mot 5 røyster. I mindretalet kom 3 frå Senterpartiet, 1 frå Høgre og 1 frå Sande Vest.

KrF sine to representantar Åge Sandvik og Roy Muren stemte ja til skjenkesøknaden.

Sandvik håpte på denne måten å sleppe å finne folk "halvt ihelfrosne" utanfor stadion.

Utedansen skal foregå på idrettsplassen i Gursken - og Senterpartiets Anke Hagen åtvara sterkt mot å blande i hop idrett og alkohol.

Hagen åtvara også om at andre idrettslag no kom til å søkje når Gursken IL fekk ja.