Utruleg kjekt og lærerikt, seier Janne Aschehoug frå Ulsteinvik og Ellisiv Gryt Grimstad frå Hareid, etter arrangementet. Dei to meiner dei er flinke til å handtere sin eigen økonomi, og er veldig bevisste på korleis dei brukar pengane sine. – Sjølvsagt kan ein skeie ut av og til, men det er viktig å spare pengar gjennom gode vanar og rutinar, seier Aschehoug, som også var ein av to heldige som vart trekt ut til å få med seg 3000 kroner til sparing frå arrangørane, Sparebank 1. – Mange av dei økonomiske vanane lærer ein av foreldra, og derfor er det viktig at dei er står fram som gode førebilete for ungane sine, meiner Gryt Grimstad. POPULÆRT TILTAK – Du har damedraget du Magne, lo marknadssjef i Sparebank 1 då ho introduserte fjernsynskjendis Magne Gundersen. Det var nemleg venteliste på bankarrangementet, og ikkje eitt sete var ledig i kinosalen denne kvelden. Gundersen har bidrege til at tallause familiar på programmet "Luksusfellen" på TV3, har kome seg ut av økonomisk krise og arbeider til dagleg i Sparebank 1. SPENSTIG JENTEKVELD Grunnen til at det var akkurat jentekveld banken inviterte til, var ikkje på grunn av at jenter er meir håplause økonomisk enn menn, men rett og slett for å bevisstgjere kvinnene til å ta ansvar for sin eigen pengebruk. Nettopp ved å fordele ansvar med sambuar/ektefelle, og å vite korleis ein skal leggje til rette for ein betre kvardagsøkonomi. FINANSKRISE SOM TEMA Med finanskrise som første tema, fortalde Gundersen om dei positive effektane den har hatt for folk generelt. – Dei fleste som var i arbeid under finanskrisa, hadde også eit godt år for lommeboka. Med låge renter, og god lønsvekst, gjorde sitt til at dei fleste hadde mykje meir pengar å rutte med i året som gjekk, påpeika han. DÅRLEGAST PÅ SPARING Ifølgje tala som Magne Gundersen viste til, er folk Møre og Romsdal dårlegast til å spare. Han spurte om kor mange som ville klare å betale ei rekning på 20.000 kroner i løpet av ei veke dersom denne utgifta kom brått på. Mange hadde nok noko å ta lærdom av der. – Ei ulykke kjem sjeldan åleine. Når du veit at du treng pengar og når du fryktar at du treng pengar, bør du spare. Det er lettast å spare dersom ein set seg eit mål, anten om det er å ha 20.000 på konto eller at ein sparer til bryllaup, ferie eller ny sykkel. Det er gøy å sjå når saldoen på kontoen veks, humra han. Og sparemetodane er ifølgje Gundersen mange, men ein ting var han heilt klar på. – Dei som har mulegheit til å spare i BSU (Bustadsparing for ungdom), men ikkje gjer det, er dumme. Det er nemleg ein utruleg bra måte å spare på, understreka han. VIKTIG MED DIALOG Gode råd er ikkje nødvendigvis dyre. Og råd til å få ein betre kvardagsøkonomi hadde Gundersen mange av. – Ha kontroll på økonomien. Dersom ein ikkje set av tid til dette, vil økonomien til slutt ta kontroll over deg. Lag enkle budsjett og ikkje minst, diskuter økonomi med sambuaren eller ektefellen din. Dialog er viktig, fortalde eksperten. OVERLAT HANDLINGA Elles tok Magne Gundersen også for seg pensjonssparing og kor viktig det er å vere godt nok sikra for framtida gjennom forsikringar, både for hus og heim, men ikkje minst for sjukdom og faren for å verte arbeidsufør. Eit siste tips til alle damene som hadde møtt fram var å skrive handleliste før ein går i butikken. Dermed vil ein kutte ut impulskjøpa. Og kanskje enda betre: – Gi handlelista til gubben og send han for å handle. Menn likar ikkje å gå i butikken, og det fører til at han ikkje handlar anna enn det som står på handlelista. Han gjer det han kan for å kome seg raskt ut av butikken, avslutta Gundersen spøkjefullt. 7 gode råd frå Magne Gundersen dersom ein har dårleg råd: – Kutt ned og kutt ut. – Betal rekningar ved forfall. Har ein dårleg råd, så hjelp det ikkje å vente på purregebyr. – Sei nei til nye utgifter – Spar først, så bruke. Det får ein dessutan betre samvit av. – Jobb meir. Dermed tener ein også meir pengar. – Ikkje kjøp noko på avbetaling, kortsiktige lån og kredittar. Det er skyhøge renter. – Tenk over kva du brukar pengar på og kvar du handlar.

“Kvardagsøkonomi og sparing” var tema då Magne Gundersen heldt føredrag i kinosalen på Sjøborg torsdag kveld.
Janne Aschehoug (t.v.) og Ellisiv Gryt Grimstad tykte det var eit lærerikt arrangement. ? Det er alltids nokre nye tips ein kan ta med seg for å få ein betre økonomi, meiner dei.