Dei siste tala frå Statistisk Sentralbyrå kan tyde på at det skjer ei sentralisering mot Hareid og Ulstein. Hareid auka folketalet i fjor med 38 til 4675, medan Ulstein auka med 28 til 6.841. Dei fem andre kommunane på Søre Sunnmøre hadde tilbakegang i folketalet: Ørsta fekk minus 95, Vanylven minus 53, Herøy minus 52, Sande minus 13 og Volda minus 5. Det betyr at folketalet på Søre Sunnmøre totalt gjekk ned med 152 i fjor. I Hareid kom folketalsauken i form av nettotilflytting. Kommunen hadde nemleg eit fødselsunderskot på 11. Det vart fødde 44 barn i Hareid i fjor, samtidig som 55 døydde. Men nettotilflyttinga på 49 berga folketalsauken. I Ulstein var det derimot fødselsoverskotet som berga folketalsveksten. Kommunen hadde 81 nyfødde og 42 døde. Men samtidig ei nettofråflytting på 14, som gav kommunen ein folkevekst på 28. Folketal på Søre Sunnmøre 1/1 2007: Ørsta 10.162 (- 95) Herøy 8.321 (- 52) Volda 8.317 (- 5) Ulstein 6.841 (+ 28) Hareid 4.675 (+ 38) Vanylven 3.536 (- 53) Sande 2.526 (- 13) Legg merke til at Herøy og Volda no har så å seie same folketalet.