Det er Total-Bygg i Hjørungavåg som skal føre opp tre tomannsbustader med tilsaman seks husvære.

Kommunen har henta inn ein uttale frå fylkesgeolog Einar Anda om eventuell skredfare frå Knutnakken. Konklusjonen er at området er rastrygt, det vil seie at ein reknar med at her vil gå ras sjeldnare enn kvart tusenår.

Grunneigaren har ytra ønskje om å få i gang byggearbeidet alt i haust. Derfor blir slutthandsaminga av planen fremja parallelt med utløpet av høyringsfristen.

Den planlagde arealbruken er i samsvar med gjeldande kommuneplan og vil utfylle eit alt eksisterande bustadmiljø.

Partane håper på godkjenning i kommunestyremøtet 4. november, slik at ein kan setje i gang med bygginga. Ei utsetjing til neste kommunestyremøte – 16. desember – blir rekna som uheldig.

Det har kome ein merknad til planane frå Kåre Brandal og Heidi Wingsternes, som ber om ein støttemur mot sin eigedom i tillegg til at det blir teke omsyn til overflatevatn og drenering.

I sakspapira skriv rådmannen at ein må finne ei løysing på desse momenta ved prosjektering og bygging.