Foto: arkiv

Samanlikna med 2010 auka trafikken med 5,2 prosent i 2011, og ein enda opp med 686.538 bilar i løpet av året. 2011 vart dermed nok eit rekordår for Eiksundsambandet. I fem av månadene hadde ein også over 60.000 bilar som køyrde gjennom sambandet.

– Det er tal som vi absolutt er nøgde med. Vi har ein noko fast avslutningsdata for bompengar i starten av 2014, seks år etter oppstarten, seier dagleg leiar Svein Nærø i Eiksundsambandet AS til Møre-Nytt.