(NPK): – Målet med veka er å få flest mogleg ut i naturen, og det er tydeleg at dette er ei feiring det norske folk set pris på. Friluftslivsveka er også eit flott høve til å oppdage nye turmoglegheiter i nærområdet sitt, og lære meir om kva dei lokale laga og foreiningane har å tilby av aktivitetar, seier generalsekretæren i Norsk Friluftsliv, Lasse Heimdal.

I den nasjonale aktivitetskalenderen for Friluftslivsveka, kan ein finne det som skjer i fylket ein bur i, uansett kven som arrangerer. Til no er det over 1.100 registrerte arrangement i kalenderen – noko som er ny rekord.

Friluftslivsveka opnar med sove-ute-aksjonen #nattinaturen laurdag 1. september, medan det søndag 2. september er kom-deg-ut-dagen og friluftslivsdagen på ei rekkje stader i landet. Veka vert avslutta søndag 9. september.

- For alle

Det er Norsk Friluftsliv, paraplyorganisasjonen for 17 norske friluftslivsorganisasjonar, som står bak den landsdekkjande feiringa. Men arrangementa og aktivitetane som går føre seg over heile landet, er i regi av ein rekke ulike organisasjonar, friluftsråd, lokale lag og foreiningar, kommunar og privatpersonar.

– Friluftslivsveka er for alle, uansett om ein er mest interessert i luftige fjellturar, teltlivet, morosame aktivitetsdagar for barn, eller soppturar. September er ei flott tid i norsk natur, som ein verkeleg burde komme seg ut og nyte, oppfordrar Lasse Heimdal.