Det kunne nok ha blitt tolka som ein spøk det Sævik fortalde stortingsrepresentanten då sistnemnde kom på besøk måndag ettermiddag, men ikkje i denne settingen.

– Nei, dette meiner eg faktisk alvorleg. Vi er i ein situasjon der vi har behov for kompetente fagfolk – og fordi det finnast alt for få norske på arbeidsmarknaden må vi ty til innleige av arbeidskraft, sa konsernsjefen i Kleven i samtale med Lundteigen.

Interessert i arbeidslivet

Førstekandidaten for Senterpartiet i Buskerud ved førre stortingsval med til saman snart 17 år på Stortinget, er også medlem av Stortinget sin arbeids- og sosialkomité.

Vestnes-ordførar Geir Inge Lien, som ved enkelte høve har stilt på Stortinget som vara for Møre og Romsdal sin førstekandidat Jenny Klinge, fortel at besøket til Ulsteinvik kom i stand med bakgrunn i samtalar mellom han og Per Olaf Lundteigen.

– Eg sa han burde ta seg ein tur til Sunnmøre for å lære meir om dagens tilhøve i den maritime klynga her, fortalde Lien i eit møte i administrasjonsbygget til Kleven.

Etter eit besøk på Vard Langsten i Tomrefjord gjekk altså turen vidare til Ulstein og Dimnøya.

– Arbeidslivspolitikken er mitt ansvarsområde på Stortinget, og difor er det midt i blinken å kome hit til Kleven, sa Lundteigen.

Som til dømes fortalde at arbeids- og sosialkomiteen jobbar utrøytteleg for å få ned bruken av bemanningsselskap på landsbasis, og at dei vil sørgje for at fleire verksemder i staden går for faste tilsetjingar.

Bekymra for ungdommane

Så kom Per Olaf Lundteigen og konsernsjef Karsten Sævik til eit tema dei er hjartans einige kring. Ungdommar og vegen inn i arbeidslivet.

– Eg er direkte bekymra for at mange ungdommar ikkje finn det interessant å gå for praktiske yrke. Dessutan ønskjer vi i Senterpartiet å rydde opp i arbeidslivet – slik at til dømes praktiske fag kan bli meir aktuelt for unge i dag, sa Lundteigen.

Lundteigen spurde så Therese Hjelmeseth, hovudtillitsvald i Fellesforbundet ved Kleven Verft, om kva som kunne gjere det meir attraktivt for ungdommar å velje til dømes verksemder i verftsnæringa som sin framtidige arbeidsplass.

– Hovudsakleg må det vere ei løn som ein kan leve av. For det andre må ein jobbe for å få opp igjen respekten for praktiske yrke i samfunnet. Det burde ikkje vere store skilje mellom dei på «botnen» og dei på «toppen». Så er det noko med stoltheita kring arbeidsplassen sin. Slik får ein større eigarskap til eigen arbeidsplass, sa Hjelmeseth.

Konsernsjef Sævik var einig i mykje av det som blei sagt.

– Vi treng fleire unge håpefulle ungdommar som kan tenkje seg å jobbe innanfor verftsnæringa, og det så raskt som råd, seier han.

– Vi ønskjer heilt klart fleire lokalt tilhøyrande tilsette i selskapet. Slik eg definerer verftet i dag har vi for mange som ikkje er tilsette i selskapet, men leigde inn. I framtida er mitt ønskje å spegelvende dette forholdet, seier Sævik og legg til:

– For å bygge skip i dag treng vi gode skipsbyggarar, og eg brenn for at fleire norske ungdommar tek steget inn i verftsnæringa. Men då må vi framsnakke dei praktiske yrka, og gjere det mogleg for fleire av dei som er under 18 år å få ein tidlegare forsmak på kva dette handlar om. Slik det er i dag er det lagt for dårleg til rette for dette. TAF-ordninga (tekniske og almenne fag) på vidaregåande er veldig god, men vi treng enno meir fokus på dette totalt sett.

Dei Kleven-tilsette ønskte Ulstein Sp, representert ved Oddvar Gjerde (f.v.) og Lisa Mari Breivik Andersson, Fræna-ordførar Tove Henøen (nr. 3.f.v.), Vestnes-ordførar Geir Inge Lien (nr. 4. f.v.) og Per Olaf Lundteigen velkomen. Foto: Alle foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Lundteigen var heilt klart svært interessert i å lære meir om Kleven. Foto: Alle foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.